Odd Lirhus (fødd 18. september 1956) er ein norsk tidlegare skiskyttar og -trenar frå Voss. Han vart verdsmeister på 20 km i 1978, og fekk året etter VM-sølv på sprintdistansen over 10 km. Lirhus var medlem av Voss Skiskyttarlag.

Odd Lirhus


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. september 1956 (67 år)
Voss herad
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1980, biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay

Aktiv endre

Under VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen gjekk han til topps på normaldistansen 20 km, framom austtyskarane Frank Ullrich og Eberhard Rösch. Året etter tok han under verdsmeisterskapen i Ruhpolding ein sølvmedalje på sprintdistansen 10 km, bak førnemnde Ullrich.

Både i 1978 og 1982 fekk Lirhus VM-sølv med norsk stafettlag, medan han i 1983 fekk ein VM-bronse i same øvinga, før han avslutta med ei sølvmedalje på stafetten under Vinter-OL 1984 i Sarajevo.

Lirhus var frå 2002 til 2006 hovudtrenar for Noregs kvinne-landslag i skiskyting. Han bidrog då mykje til Liv Grete Skjelbreid Poirée si utvikling som skiskyttar, i følgje hennar eiga utsegn.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre