Frank Ullrich (fødd 24. januar 1958) er ein tysk, tidlegare skiskyttar frå Trusetal i Thüringen, i 2013 sjefstrenar for Tysklands landslag i langrenn. Mellom 1978 og 1983 vann han fem individuelle VM-gull og eitt OL-gull i skiskyting, samt fire VM-gull i stafett. I alt vann Ullrich 18 medaljar (10-6-2) i dei internasjonale skiskyttar-meisterskapane i perioden 1976-83. Heile si tid som aktiv representerte han Aust-Tyskland.

Frank Ullrich

Frank Ullrich i 1982
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 24. januar 1958 (66 år)
Trusetal
Yrke skiskyttar, skiskyttertrener, politikar
Språk tysk
Høgd 185 centimeter
Politisk parti Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Frank Ullrich på Commons

Aktiv endre

18 år gammal fekk Ullrich plass på DDR sitt lag som under vinter-OL 1976 tok bronse i 4x7,5 km stafett, ein prestasjon som Ullrich og DDR gjentok i same øvinga i VM 1977 på Vingrom. Frå 1978-sesongen, den fyrste det vart arrangert verdscup i skiskyting, var Ullrich i fem år jamnt over den beste skiskyttaren i verda. Han vann verdscupen i skiskyting både i 1978, 1980, 1981, 1982 og vart nummer to i 1979 og tre i 1983.

I verdsmeisterskapen 1978 gjekk Ullrich til topps på 10 km og i stafett med DDR, på 20 km tok han sølvmedaljen bakom Odd Lirhus frå Voss. Ullrich og DDR fekk nye gullmedaljar då dei i 1979 forsvarte VM-titlane på 10 km og i stafett. I 1980 vann han gullmedaljen på 10 km under OL i Lake Placid , og tok i tillegg sølv på 20 km og bronse på stafetten.

Ullrich vann så i 1981 for fjerde gong på rad 10 km i den årlege internasjonale meisterskapen. Deretter vann han 20 km i VM for fyrste gongen i 1982, ei bragd han gjentok i 1983. Han deltok i vinter-OL 1984, der han måtte nøye seg med femte plass på 20 km. På den svært spennande stafetten i same OL feila Ullrich på ankeretappen då fire mann var inne samtidig på siste ståandeskyting. Dermed vart DDR nummer fire, medan Noregs lag vann spurten mot Vest-Tyskland om sølvmedaljen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Trenar endre

Ullrich var trenar for fyrst Aust-Tyskland sitt landslag i skiskyting frå 1987. Frå 1998 var han hovudtrenar for Tyskland sitt landslag for menn, ein posisjon han hadde til 2010. I 2012 tok han over som sjef for Tyskland sitt langrenns-landslag etter Jochen Behle.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar