Odd Njøs

Odd Njøs (fødd 1931) er ein norsk kulturarbeidar frå Leikanger i Sogn. Han har mange år bak seg i skulestova og er elles kjend som ein allsidig kulturarbeidar. I 2000 vart han heidra med Kongens fortenestmedalje i sylv for dette. Han har vore organist og kordirigent gjennom ei årrekkje og vore aktiv i revymiljøet til Leikanger Mannskor. Frå 1984 har han vore mykje nytta som fredagskåsør i lokalradioen. Han er ogso mykje brukt som kåsør og underhaldar i andre samanhengar. Dei siste åri har han òg vore aktiv som forfattar. På Skald forlag har han gjeve ut dei humoristiske bøkene De'kje nøye om du lyge litt, ...berre praten gaor og Sommarliv på Berget. Han har òg gjeve ut CD der han fortel historier frå dei to fyrstnemnde bøkene.

Odd Njøs
Fødd 1931 (90 år)
Yrke musikar

UtgjevingarEndra

BøkerEndra

  • 2007 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Leikanger: Skald) . ISBN 978-82-7959-107-8 978-82-521-7151-8} [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]

I tidsskrift - eit utvalEndra

LydbøkerEndra

  • 2006 – De'kje nøye om du lyge litt, berre praten gaor (Leikanger: Skald) . ISBN 82-7959-080-3  [Lese av Odd Njøs]
  • 2008 – Godnattboka : nynorske forteljingar (Melhus: Lydbokforlaget) . ISBN 978-82-421-4551-2  [Av innhaldet: Då han vesle Nils fekk seg høna / Odd Njøs]

BakgrunnsstoffEndra