Skald forlag ligg i Leikanger ved Sognefjorden i Vest-Noreg og vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.

Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne- og oppdragsbøker, ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorskforlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Sidan 2016 har forlaget gjeve ut ein serie med litterære klassikarar i nynorsk omsetjing. Skald gjev ut om lag 15 bøker i året, og fleire av bøkene har vunne prisar i konkurransen «Årets vakreste bøker».

Namnet Skald kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.

Bakgrunnsstoff Endra