Odd Gabriel Vollan (fødd 21. november 1913 i Ålesund, død 6. oktober 2003)[1] var ein norsk skulemann og historikar.

Odd Vollan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1913
Død

6. oktober 2003 (89 år)

Yrke historikar
Kjende verk Sildefisket gjennom tusen år
Språk norsk

Bakgrunn endre

Vollan vart cand.philol. i 1941 med hovudfag i historie. Hovudoppgåva hans hadde tittelen Omlegginga av fisket i Ålesund og på Sunnmøre. Vollan arbeidde som lektor, først ved gymnasa i Førde og Molde, deretter i Ålesund frå 1945 til 1980.

Odd Vollan gav ut om lag 30 publikasjonar. Han arbeidde særleg med emne knytt til fiske, fangst og anna næringsliv. Han har mellom anna skrive bedrifts- og foreiningshistorie, gjerne med lokalhistorisk tilsnitt. Vollan bidrog òg med artiklar om fiske og fangst til det store nordiske verket Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder.

For sitt omfattande arbeid mottok Vollan Hans Strøm-medaljen, og i 1989 vart han heidra med Ålesund kommunes heiderspris.

Verk endre

  • I kamp for et rusfritt folkeliv på Sunnmøre: Fra Ålesunds kulturhistorie (2003)
  • Byens våkne øye: Aalesunds handelsforening 150 år. De siste femti år (1996)
  • De gav livet for landet. Minneskrift over 27 tidligere elever ved Ålesund offentlige høgre allmennskole som måtte ofre livet under krigen (1995)
  • En skipper og hans samtid: Fra åttring til fabrikktråler (1993)
  • Ålesunds Skipperforening gjennom hundre år (1992)
  • Den tause motstand: Dagligliv i Ålesund under krig og okkupasjon 1940-1945 (1989)
  • Selfangst i Norden I-II (1985–1986)
  • Femti års husstellopplæring i Ålesund (1985)
  • Ålesund og Sula elverk: En historikk (1982)
  • Sunnmøre sparebanklag 1926-1976 (1976)
  • Soga om fangst og fiske i eldre tider. Kjelder og problem (1972)
  • Sildefisket gjennom tusen år (1971)
  • Tafjord kraftselskap 1917-1967 (1967)
  • Aalesunds sparebank 1911-1961 (1961)
  • A.M. Liaaen. Skipsverft og mek. verksted, Ålesund – 1861-1961 (1961)
  • Den norske klippfiskhandels historie (1956)
  • Borgund sparebank 1880-1955 (1955)
  • Volda og Ørsta sparebank 1854-1954 (1953)
  • Ishavsfart. Selfangsten fra Sunnmøre gjennem femti år (1951)
  • Aalesunds Handelsforening 1847-1947 (1949)
  • Ålesunds Skipperforenings historie 1892-1942 (1943)
  • Ålesunds-telefonens historie (1946)

Kjelder endre