Oddbjørn Engvold
Oddbjørn Engvold (fødd 7. april 1938) er ein norsk astronom.
Oddbjørn Engvold | |||
Oddbjørn Engvold i 2003 | |||
Fødd | 7. april 1938 Askim kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | astronomi, fysikk, solfysikk | ||
Yrke | astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Den internasjonale astronomiske unionen |
Engvold har hovudsakleg forska innafor fagfelta sol- og stjernefysikk og han var i ein periode aktivt engasjert innan astronomisk teleskopteknologi. Han har publisert fleire vitskapelege arbeid, dei fleste innan solfysikk, og (saman med Eberhart Jensen) og skrive ei lærebok: Solen (1977).
Engvold vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1989 og var vitskapleg prosjektleiar (direktør) for LEST Foundation frå 1986, president i IAU Division for Sun and Heliosphere frå 1994, styremedlem i Det Norske Videnskaps-Akademi 1993–1998og , generalsekretær i Den internasjonale astronomiske unionen 2003–2006 og leiar for Det Norske Videnskaps-Akademis internasjonale komité for Kavliprisen i astrofysikk frå 2008 til 2012.
Kjelder
endre- «Oddbjørn Engvold», Store norske leksikon, 2013, 3. oktober, henta 13. august 2014