Oddrun Midtbø

norsk journalist og forfattar

Oddrun Midtbø (fødd i 1964) er ein norsk journalist[1] og forfattar[2] som kjem frå Luster og er busett i Sogndal.

Oddrun Midtbø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1964 (60 år)
Yrke journalist, skribent

Virke

endre

Som journalist har Midtbø jobba som frilansar med tekst, foto og illustrasjon sidan 1988. Ho har blant anna studert og jobba med prosjekt i USA og Nicaragua.[3] Asyl- og flyktningpolitikk er eitt av hennar spesialområder som journalist.

Oddrun Midtbø er også forfattar.[2] Boka Harastølen: Heimen for dei utstøytte kom ut i 2023.[4] Boka handlar om livet på institusjonen Haralstølen i Luster kommune, som sidan 1902 har vore sanatorium for tuberkulose-pasientar, psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Boka tek for seg alle epokane i institusjonen si historie. I april 2024 fekk Oddrun Midtbø prisen Årets indiebok i kategorien sakprosa for voksne, på Indiebokfestivalen i Oslo.[5]

Oddrun Midtbø har tidlegare vore fylkesleiar for TV-aksjonen for Sogn og Fjordane.[6] Ho har også vore leiar for NJ Frilans frå 2017-2019.[7][8]

Bibliografi

endre
  • Harastølen. Heimen for dei utsøytte. (OMI forlag, Sakprosa, 2023)
  • Magne Vangsnes. Utan tittel. Medforfatter (Skald forlag, Biografi, 2015)
  • Det fleirspråklege Noreg, medforfatter (Skald forlag, Essaysamling, 2013)
  • Dobbeltjubilanten i Sogndal (Sakprosa, 2013)[2]

Kjelder

endre
  1. «Frilanskatalogen», www.frilanskatalogen.no, henta 10. mai 2024 
  2. 2,0 2,1 2,2 Norsk forfattersentrum. «Forfattere». Norsk forfattersentrum. Henta 10. mai 2024. 
  3. Skald forlag. «Oddrun Midtbø». Henta 10.05.2024. 
  4. Norli forlag. «Harastølen: heimen for dei utstøytte». Henta 10. mai 2024. 
  5. BoldBooks. «Vinnerne av indiebokprisen 2023». Henta 10. mai 2024. 
  6. Ingunn Osland. «Oddrun Midtbø skal vere sjef for TV-aksjonen her i fylket». Firda. Henta 10. mai 2024. 
  7. «– Aldri opplevd så sterk inkludering». Norsk Journalistlag. Henta 10. mai 2024. 
  8. Klausen, Aslaug Olette (9. september 2017), «Oddrun Midtbø ny leder i NJ Frilans», www.journalisten.no (på norsk bokmål), henta 10. mai 2024