Oddvar Krogh (fødd 6. april 1937) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Degernes som tevla i sleggjekasting. Krogh, som var medlem av Sarpsborg IL, vart noregsmeister i sleggjekast fem gongar; 1958, 1959, 1963, 1964 og 1965, og vann i tillegg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i NM. Han bur i Sarpsborg.

Oddvar Krogh
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. april 1937 (86 år)
Utmerkingar

Kongepokal

Aktiv endre

Krogh vann sitt fyrste NM-gull i 1958. Same året deltok han i EM i friidrett 1958, der han enda som syttandemann med 58,33 m. I oktober månad passerte han 60-metersgrensa, fyrst med 60,32 m og så to veker seinare me 60,96 m. Året etter forbetra han i juni månad noregsrekorden i sleggjekast til 63,35 m, ein rekord Sverre Strandli hadde hatt hevd på i 10 år. To månader rekordkastet forsvarte Krogh NM-tittelen i øvinga med eit kast på 61,52 m, nok til at han vart tildelt kongepokalen.

Etter at Strandli i perioden 1960-62 hadde forbetra den norske sleggjerekorden ved tre høve, sist til 63,88 m, sende Krogh sleggja heile 64,83 meter avgarde i eit stemne i Moss 21. august 1963. Den 19. september 1964 vart han så fyrste nordmann over 65 meter då han vann sleggjetevlinga under landskampen Italia-Noreg-Sverige på olympiastadion i Roma og flytta den norske rekorden til 65,80 meter. Rekorden vart ståande i 11 år.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1957: Bronsemedalje i sleggjekasting – 55,24 m
  • 1958: Gullmedalje i sleggjekasting – 58,62 m, framom Magne Føleide (55,05 m)
  • 1959: Gullmedalje i sleggjekasting – 61,52 m, framom Sverre Strandli
  • 1960: Sølvmedalje i sleggjekasting – 61,15 m, bakom Sverre Strandli (61,52 m)
  • 1961: Bronsemedalje i sleggjekasting – 60,23 m
  • 1962: Sølvmedalje i sleggjekasting – 62,71 m, bakom Sverre Strandli (63,16 m)
  • 1963: Gullmedalje i sleggjekasting – 62,01 m, framom Odd Sangvik
  • 1964: Gullmedalje i sleggjekasting – 62,61 m, framom Sverre Strandli (62,15 m)
  • 1965: Gullmedalje i sleggjekasting – 63,86 m, framom Magne Føleide (61,58 m)
  • 1966: Gullmedalje i sleggjekasting – 60,64 m, framom Sverre Strandli (59,48 m)
  • 1967: Sølvmedalje i sleggjekasting – 58,20 m, bakom Arne Lothe

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no