Odyssevs
(Omdirigert frå Odysseus)
Odyssevs er ein helteskikkelse i gresk mytologi, kjent som Ulysses i romersk mytologi. Han er helten i Odysseen,[1] og er ein viktig person i Iliaden.[2] Odyssevs var son av Laertes (eller, i seinare overleveringar, Sisyfos) og Antiklea.
Odyssevs var konge på øya Itaka, og den modigaste av grekarane (eller akaiarane) som slost i trojanarkrigen. Han stod bak påfunnet om den trojanske hesten. Han var gift med Penelope og far til Telemakos, yndlingen til Atene.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Odyssevs» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2008.