Opna hovudmenyen
Den greske helten Herakles og dei tolv storverka hans, avbilda på ein romersk mosaikk i Llíria i Spania.

Helt eller heltinne er ein beundringsverdig person som har peikar seg ut gjennom å visa mot eller utføra bragder. Helten kan vera hovudpersonen i ei forteljing, som eit episk dikt, roman eller film, eller i ein viss situasjon.[1]

I gresk mytologi vert heltane kalla hero (ἥρωι, 'halvgud'), noko som på mange språk har gitt ordet helt, også på norsk; heroisk (heltemot). Dei greske heroane hadde ofte guddommeleg hjelp, noko som også er vanleg blant heltar i andre mytologiar. Dei er spesielt tilgodesette av gudane, men er ikkje udødelege.

Soger om heltar kan tene som moralske døme, som ein etisk kode i ein kultur , særleg for dei unge. I klassisk oldtid spelte heltekultar, ærefrykta for guddommelege heltar som Herakles, Persevs, eller Akilles, ei viktig rolle i gresk religion. Seinare romerske keisarar nytta heltetilbeding for deira eigen apotheose (forherlegdom).

Innhaldsliste

HeltekultarEndra

Heltekultar kunne ha ei viktig politisk rolle. Da Kleistenes delte athenarane i nye «demoi» for røystegjevnad konsulterte han Delfi om kva for heroar han skulle namngje kvar divisjon etter.

Heroar i mytane hadde ofte tette, men konfliktfylte forhold til gudane. Herakles sitt namn tyder «Heras ære» til tross for at han vart plaga av Hera heile livet. Dette gjaldt enda meir i kultane. Kanskje det mest påfallande eksempelet er den athenianske kongen Erechtheus som Poseidon drap da han valde Athene framfor seg sjølv som byens gud for vern. Da athenarane dyrka Erechtheus på Akropolis i Aten påkalla dei han som Poseidon Erechtheus.

I det hellenistiske greske Austen vart dynastiske herskarar frå Ptolemeardynastiet eller Selevkideriket proklamert som heroar. Denne praksisen hadde ein innverknad seinare da romarane forherliga sine keisarar som tilsvarande heroar.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Helt