Opna hovudmenyen
Odyssevs i Nordisk familjebok.

Odyssevs er ein helteskikkelse i gresk mytologi, kjent som Ulysses i romersk mytologi. Han er helten i Odysseen, og er ein viktig person i Iliaden. Oddyssevs var son av Laertes (eller, i seinare overleveringar, Sisyfos) og Antiklea.

Odyssevs var konge på øya Ithaka, og den modigaste av grekarane (eller akaiarane) som slost i trojanarkrigen. Han stod bak påfunnet om den trojanske hesten. Han var gift med Penelope og far til Telemakos, yndlingen til Athene.

Odysseus og Penelope

KjelderEndra

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.