Offentleg rett er den delen av jussen som handlar om det rettslege tilhøvet mellom individet og staten, og om det rettslege tilhøvet mellom dei ulike statsmaktene parlamentet, regjeringa og domstolane (også kalla den lovgjevande makta, den utøvande makta og den dømmande makta). Sentrale rettsområde innan offentleg rett er statsrett, forvaltingsrett, strafferett og prosessrett.