Oglio er ei elv i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre med ei lengd på 280 km.

Oglio
elv
Plasseringa til Ogli
Land  Italia
Nedslagsfelt 6 649 km²
Lengd 280 km
Middelvassføring 130 /s
Kjelde Corno dei Tre Signori
 - høgd 2 600 moh.
Munning Po, nær Torredoglio, provinsen Mantua
Kart
Oglio
45°02′41″N 10°39′38″E / 45.044722222222°N 10.660555555556°E / 45.044722222222; 10.660555555556
Wikimedia Commons: Oglio

Oglio oppstår der dei to fjellelvane Narcanello frå Presenabreen og Frigidolfo frå Ercavallosjøen i Stelvio nasjonalpark renn saman. Desse to elvane har sine kjelder ved Corno dei Tre Signori i ei høgd 2 600 meter over havet. Elva renn saman nær Pezzo di Ponte di Legno.

Ogilo renn sørvestover gjennom Valcamonica og så Iseosjøen. Ho munnar ut i Po etter å ha passert fleire morener ved Torredoglio, ikkje langt frå Cesole og Scorzarolo i provinsen Mantua. Ho har eit nedslagsfelt på 6 649 km². Ho er ein del av det større Po-Adige-flodområde.

Kjelder endre