Opna hovudmenyen
For elva med same namn, sjå elva Somme
Somme
Våpenskjoldet til Somme
Plassering
Plasseringa til Somme i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 80
Region: Hauts-de-France
Préfecture: Amiens
Sous-préfectures: Abbeville
Montdidier
Péronne
Arrondissement: 4
Kantonar: 46
Kommunar: 783
Président du conseil général: Daniel Dubois
Statistikk
Folketal Rangering 40.
 -1999 555 551
Folketettleik: 90/km²
Landareal¹: 6 170 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Somme er eit departement nord i Frankrike. Departementet ligg i regionen Hauts-de-France, og har namn etter elva Somme.

Mange slag i den første verdskrigen fann stad i Somme, og fleire store monument til soldatane frå dei forskjellige landa står i dag i departementet. Her ligg òg store kyrkjegardar med dei mange soldatane som fall på slagmarkene.

HistorieEndra

Somme er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Picardie.

Slaga ved SommeEndra

For meir om dette emnet, sjå Slaget ved Somme.

I 1916 var Somme åstad for eit av dei største slaga under den første verdskrigen med meir enn ein million omkomne. Det er òg eit av dei blodigaste slaga i historia. Dei allierte styrkane prøvde å bryte gjennom dei tyske linjene langs ein 40 km lang front nord og sør for elva Somme nord i Frankrike. Eit mål med slaget var å trekke tyske styrkar bort frå Slaget ved Verdun, men til slutt vart tapa større ved Somme enn ved Verdun.

Medan Verdun sat djupt i nasjonalkjensla til Frankrike i generasjonar framover, hadde Somme same effekt på generasjonar av britar. Slaget er mest kjend for den første kampdagen, 1. juli 1916 der 57 470 britiske soldatar vart skada eller drepne, inkludert 19 240 omkomne, noko som er den blodigaste dagen i historia til Den britiske hæren. Slaget var sjølvsagt frykteleg for dei andre nasjonane som deltok òg. Ein tysk offiser skildra det som «den gjørmete grava til den tyske arme». Mot slutten av slaget hadde britane fått mange leksjonar i moderne krigføring, medan tyskarane leid uerstattlege tap. Den britiske historikaren Sir James Edmonds sa «Det er ikkje å ta for hardt i med å hevde at grunnlaget for den siste sigeren på Vestfronten vart gjort med Sommeoffensiven i 1916»

I 1918 vart Somme igjen åstad for to mindre slag.

GeografiEndra

Departementet er i dag ein del av regionen Hauts-de-France og grensar til departementa Pas-de-Calais, Nord, Aisne, Oise og Seine-Maritime, i tillegg til Den engelske kanalen.

DemografiEndra

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Sommois..

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Somme