Ojmjakon (russisk skrift Оймяко́н, jakutisk Өймөкөөн) er ein tettstad i republikken Sakha i Russland, med ein folkesetnad på om lag 462. Staden har varme kjelder og på jakutisk betyr Ojmjakon «vatnet som ikkje frys». Ojmjakon er ein kuldepol som, saman med Verkhojansk, er ein av dei kaldaste busetnadane i verda. Den lågaste offisielle temperaturen vart målt til −67,8 °C den 6. februar 1933[1]. Om sumaren kan temperaturen overstiga 30 °C.

Ojmjakon
busetnad
Land  Russland
Folketal 497 (9. oktober 2002)
Kart
Ojmjakon
63°27′47″N 142°47′13″E / 63.4629473°N 142.7869693°E / 63.4629473; 142.7869693
Wikimedia Commons: Oymyakon
Landskap ved Ojmjakon i 2013.

Referansar endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.