Verkhojansk
Verkhojansk (russisk Верхоя́нск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 1300 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jana, nær polarsirkelen, rundt 650 km nord-nordaust for Jakutsk. Byen er dermed den tredje minste byen i Russland med berre Magas og Tsjekalin bak seg.
Verkhojansk Верхоянск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Sakha | ||
Grunnlagd Bystatus |
1638 1817 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
1 269 | ||
Koordinatar | 67°33′N 133°23′E / 67.550°N 133.383°E | ||
Høgd over havet | 127 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 678530 | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 41165 |
Historie
endreEin kosakk-busetnad vart grunnlagt i 1638, 90 km sørvest for dagens by. I 1775 vart han flytta til venstre bredda av elva Jana, for å gjere skatteinnkrevinga lettare. Han fekk bystatus i 1817. Mellom 1860-talet og 1917 vart byen nytta som ein politisk eksilstad.
Næringsliv og transport
endreVerkhojansk har ei elvehamn, ein flyplass, eit depot for pels og er senter for eit reindriftsområde.
Klima
endreVerkhojansk er hovudsakleg kjent for dei særs låge vintertemperaturane, med ein normaltemperatur i januar på -50 °C. Byen ligg på det kaldaste området på den nordlege halvkula (òg kjent som Dødsringen til Stalin) og vert saman med Ojmjakon rekna som den nordlege kuldepolen. Den lågaste temperaturen som er registrert her er -67,8 °C i 1892. Den høgaste temperaturen som er målt om sommaren er 39 °C, ein temperaturskilnad på 107 °C mellom høgaste og lågaste. I januar 2006 kom temperaturen særs nær rekorden då det vart målt -66,7 °C. I dette området vert det danna temperaturinversjonar kvar vinteren, der temperaturen stig med høgda.
Verkhojansk får lite nedbør med ein årleg nedbørsnormal på under 150 mm. Mesteparten kjem om sommaren og særs lite om vinteren, noko som er typisk for mange busetnader med kontinentalklima.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Verkhojansk» frå Wikipedia på bokmål, den 23. januar 2009.