Kuldepol
Ein kuldepol er eit område på ei av jordhalvkulene med lågast middeltemperatur, anten for året eller for den kaldaste månaden. Kuldepolane ligg ikkje over dei geografiske polane, men er avhengig av fordelinga av land, hav, fjell og innlandsisar.
På grunn av store høgdeskilnader og at høgda er avgjerande for temperaturen, kan det vere vanskeleg å slå fast eintydige kuldepolar
Den nordlege halvkula
endrePå den nordlege halvkula finn ein kuldepolen om vinteren i Aust-Sibir ved ca. 67 ºN, med ein middeltemperatur på kring –50 °C på det kaldaste. Her ligg mellom anna byen Verkhojansk, som har ein dagleg maksimumstemperatur i januar på –45 °C og ein minimumstemperatur på –51 °C. I både Verkhojansk og Ojmjakon har ein registrert temperaturar ned mot –67,8 °C på det kaldaste.
Ser ein på årsmiddeltemperaturen, ikkje berre vintertemperaturen, ligg den nordlege kuldepolen vest i Nordishavet med dei tilstøytande øyar, der middeltemperaturen er kring 20 ºC.
Den sørlege halvkula
endrePå den sørlege halvkula er kuldepolen om vinteren i Antarktis ved ca. 78 °S og 3800 meter over havet, der det er frå –65 °C til –70 °C i middeltemperatur på det kaldaste.
Over året er den sørlege kuldepolen same stad som kuldepolen om vinteren, med ein middeltemperatur frå –55 °C til –60 °C.
Kjelder
endre«kuldepoler» i Store norske leksikon, snl.no.