Nevado Ojos del Salado på 6 893 moh. er den høgste vulkanen i verda og det høgste fjellet i Chile. Fjellet er også det nest høgste på den sørlege og på den vestlege halvkula. Ojos del Salgado ligg nord i landet, i Atacama-ørkenen, om lag 600 km nord for Aconcagua, det høgste fjellet på dei nemnde halvkulene. Landegrensa mellom Argentina og Chile går over toppen. Ojos del Salado har to nesten jamhøge toppar, den såkalla chilenske- og argentinske. Dei vert kalla så fordi oppstigninga av dei to skjer frå høvesvis den chilenske og den argentinske sida.

Nevado Ojos del Salado
fjell
Ojos del Salado summit.jpg
Land Flag of Argentina.svg Argentina, Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 6 893 moh.
Koordinatar 27°06′35″S 68°32′32″W
Førstestiging Jan Alfred Szczepański
 - dato 26. februar 1937

Ojos del Salado
27°6′34″ S 68°32′32″ W
Wikimedia Commons: Ojos del Salado

Vulkanen hadde sitt siste utbrot for ikring 1 300 år sidan, men ein reknar med at litt vulkansk aktivitet fann stad i 1993.

To polske fjellklivarar, som var del av ein ekspedisjon, steig til topps sommaren 1937.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Ojos del Salado