Okklusjon i fysikk

opptaking av gass i faste stoff

Okklusjon av gass i fast stoff vil seie oppsuging av gass i stoffet. Okklusjon skil seg frå adsorpsjon, som vesentleg er ein overflateeffekt, ved at gassen diffunderer inn i djupare lag av stoffet. Ein omtalar òg okklusjon som ei løysing av gassen i det faste stoffet. I motsetnad til kva som er tilfelle ved adsorpsjon, kan evna til å oppta gass auke med temperaturen, og gassen vert ikkje avgjeve att sjølv ved særs låge temperaturar. Dei fleste metalla vil oppta større eller mindre gassmengder ved okklusjon.

Kjelder endre