Sjøvlportrett rundt 1910

Ola Asleson Strand (24. juli 185920. november 1945) var ein norsk gründer og spelemann frå Ål i Hallingdal.

Strand var son av Asle Tolleivsson Halvorsgarden Strand (1809—1889) og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella (1814—1887)[1]

Ola og broren Tolleiv d.y. var fyrst i Oslo og lærte om mekanikk. Deretter vart det nokre år i Amerika frå 1880. Ola kjøpte med seg den fyrste maskinhamaren i landet (driven med vasskraft), og bygde Vangesmia då han kom heim att. Frå Telemark henta han ljåsmeden Hans Kåsalien. Det var opptil fem mann i arbeid i smia. Det viste seg å vera vanskeleg å konkurrere med ljåsmedane i Hol. Men Vangeplogane fekk eit svært godt ry. Dessutan smidde han hestehelder. Etter kvart kom ljåsmedane i Tinn til Ål for å lære maskinsmiing.

I 1889 fekk Ola 300 kr i stipend frå Industridepartementet for å reise til den internasjonale utstillinga for “Kunst, Agerbrug og Industri” i Paris. I 1896 selde Ola frå langstølen på Rødungen, og i 1900 vart Rimeberget frådelt. Jakt- og fiskerett vart fråseld til Randen i 1906. Ola Aslesson vart beskriven slik i 1900: “Mekanikus. Eier og arbeider ved ljåfabrik for egen regning, gaardbruger.” Vidare hadde Ola kverna i Ylifossen o.a., og fiskeoppdrett (klekkjeri ved olla oppe i Rimehagane). I 1900 delte Ola frå Bergo, bnr. 32 til Lars Bråten. Ei gamal loftsstugu har truleg fylgt med på kjøpet.

I 1903 brann smia og heile lageret. Ingen ting var forsikra, og Ola var ruinert. Han tok då to år i Amerika att for å koma seg på fote økonomisk. Heime sat kona med åtte barn og venta. Ola kom heim då Ylifossen kunne seljast.

Ola var også ein god spelemann og fotograf. I 1907 kjøpte han fotoapparat hjå pastor Opsata, som var heim att ein tur frå Amerika. Ola (delvis også sonen Steen) fotograferte mykje både frå rallarlivet og bygginga av Bergensbanen, og noko frå bygdeliv elles. Samlinga er no i Bygdearkivet.  

Ola A Strands lærte å spele av Sevat Tønder. Dette er dokumentert i intervjuet med Strand i Hallingdølen i oktober 1940. På spørsmål om han hadde noen læremester nevner Strand Sevat Tønder: «»Av ein bokbindar i Kristiania, som det heitte den gongen, lærde eg og bror min nokså mykje. Han heitte Tønder og var frå Vats. Eg hugsar han spela sers mjukt og fint». (Kilde: Hallingdølen 31.10.1940). Sevat Tønder het opprinnelig Sevat Embrikson Medgard Thoen, men byttet navn til Tønder. Han ble fødd i Vats i Ål 15.11.1838. Foreldrene hans var Embrik Sevatson Thon, gift med Gunhild Solvesdtr. Medgard Dokk. Tønder gikk i lære som bokbinder i Oslo, trolig fra rundt midten av 1850-årene. Etter avsluttet læretid drev Tønder som bokbinder i Oslo inntil sin død i 1903; Han var såkalt linjerer hos Clausen på Jernbanetorget. Vi vet fra Arne Bjørndals nedtegnelser i samtaler med Ola A Strand at Tønder hadde fela hengende der hos Clausen på Jernbanetorget, og at Myllarguten kom innom og spelte for Tønder de gangene han opptrådte på Kristianiamarknaden.

I tidsskriftet Nu. 1907. Nr. 22 gjengir Anders Mehlum i artikkelen "Madam Tønder" utdrag av sine notater gjort i samtale med Sevat Tønders kone Barbra Tønder. Her heter det at bokbinder Tønder var fødd på gården Thoen i Ål og at han forandret navn til Tønder. Etter avsluttet læretid drev Tønder som bokbinder i Oslo inntil sin død. Han var såkalt linjerer hos Clausen på Jernbanetorget. Tønders kone Barbra reiste fra Nes 18 år gammel, og jobbet først 5 år ved Oslo hospital. Det heter i Nu at hun ble viet i Trefoldighedskrken av Sogneprest Andr. Hansen. Ekteparet flyttet til Frogner. Det heter videre at de nå og da flyttet på seg, men at de alltid hadde bodd i nærheten av Frogner hovedgaard. I artikkelen i Nu fremkommer det at de fleste av de voksne barna bor hjemme, og de har derfor romslig budsjett. Barbra Tønder døde i Oslo i 1919, 74 år gammel.[2] I følge Ål bygdebok bodde de i Sagstuen, som ble skilt ut fra Frogner Hovedgaard.[3]

«Den fyrste Ola og Tolleiv lære av var Asle-Knut (1794—1881)», skriver Hans Nestegard i ein artikkel i Spelemannsbladet nr 1 1953, -«uppigarde på Strand som var beste spelemannen i øvre Hallingdal i si tid. Dei var nære skyldfolk». Og det gir nok mening at dei lærte av Asle-Knut reint tidsmessig. Torleiv lærte også spel av Knut Skøro 1822—1894, opprinneleg frå Hol, og fra Gudbrand Østen (Østen Olsen Gudbrandsplass, 24.01.1815 - 1898, WI, USA).

I Folk og fortid i Hol kan vi lese om da Ola og Torleiv Strand reiste til Amerika: «Ola og Tolleiv Strond reiste til Amerika. Skoren var på Strond då dei reiste. Ola hadde sett seg i vogna og heldt på køyre av stad. Best det var steig han ur og kom attende, — dei truddje det var for å seia noko viktig til sine. Nei, han gjekk burt til Skøren og nemnde eit par slåttar, at dei måtte han lære i frå seg, so dei ikkje vorto gløymde! Og so for han — til Amerika!». Det er da ikkje sannsynleg at Tolleiv sat i vogna, sidan han drog til Amerika før Ola.[4]

KjelderEndra

  1. Ål bygdesoge 2. Ål. 1955. 
  2. A. Mehlum (1907). «Nu. 1907. Nr. 22». 
  3. Aal bygdesoge : slektssoga. 5 : Leveld og søre Vats : gnr. 59-86. Ål kommune. 2008. 
  4. Ål kirkebok, utflyttede 1881. 1881.