Ola Eiriksson Bø

Ola Eiriksson Bø (fødd 14. september 1867 Nord-Aurdal i Valdres, død 26. januar 1917) var ein norsk lærar og målmann. Han blir rekna som ein pioner innanfor den kristelege folkehøgskulen. I 1899 skipa han Valdres folkehøgskule.

Ola Eiriksson Bø
Fødd 14. september 1867
Død

26. januar 1917 (49 år)

Bø var gardbrukarson, og tok utdanninga si på lærarskulen på Hamar. Han arbeidde som lærar etter det. Han var tre og eit halvt år i USA og på amtsskulen i Aust-Agder frå 1897 til 1899.

Bø fekk idé om å skipa ein folkehøgskule i Valdres då han var lærar i Aust-Agder. Han innleidde om saka på ei ungdomsstemne på Rogne i Øystre Slidre kommune sommaren 1899 der Valdres ungdomslag vart skipa. Møtet gjorde vedtak om å arbeida for ein folkehøgskule, og etter eit brev frå Bø 30. juni 1899, slutta alle kommunane i Valdres seg til skuleskipingsplanen.

2. oktober 1899 vart folkehøgskulen opna for fyrste gong i mellombelse lokale på Løkje hotell i Vestre Slidre kommune. Då Valdresbanen opna i 1906, flytte skulen til garden Øvre Nes på Fagernes. I 1911 flytte så skulen til Leira der skuletunet er i dag, og sommaren 1912 vart skulebygningen sett opp. Ola Eiriksson Bø var styrar der så lenge han levde.

Frå 1901 var Bø den drivande krafta i skipinga av eit museum i Valdres, og 7. juni 1906 opna det som seinare har fått namnet Valdres Folkemuseum. Bø var formann i museumsstyret fram til han døydde.

Bø sat i styret for Austmannalaget frå 1903 til 1905 og var leiande i målreisinga i Valdres. I 1903 var han med og grunnla avisa Valdres.

Kjelder endre