Fagernes er ein tettstad i dalen Valdres, og har eit folketal på omkring 1800. Fagernes er kommunesenter for Nord-Aurdal kommune i Innlandet fylke, og er handels- og kommunikasjonssentrum for heile Valdres.

Fagernes
stad
Fagernes, omkring 1965
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Nord-Aurdal
Areal km²
Folketal 1 965  (2023)
Folketettleik 983 / km²
Postnummer 2900 FAGERNES
Preposisjon Fagernes
Kart
Fagernes
60°59′06″N 9°13′50″E / 60.985°N 9.2305555555556°E / 60.985; 9.2305555555556
Wikimedia Commons: Fagernes

Geografi og samferdsle endre

Fagernes er bygd på eit delta ved ei elv som munnar ut i Strondafjorden. Det går gangbru frå tettstaden ut til Vesleøya.

Tettstaden ligg knappe 200 km frå Oslo, og det er vel 300 km til Bergen via Filefjell. Det er også vegsamband over Golsfjellet til Gol i Hallingdal. I sommarhalvåret er det veg over Valdresflye til Gudbrandsdalen.

Fagernes var endestasjon for Valdresbanen frå 1906 til banen vart nedlagd i 1988.

Fagernes lufthamn, på Leirin, vart opna i 1987.

Næringsliv og turisme endre

Fagernes har besøk av hyttefolk og turistar frå inn- og utland. Det er hotelldrift og andre overnattingstilbod med lange tradisjonar på staden.

Friluftsmuseumet Valdres Folkemuseum har tilhald på halvøya Storeøya ved Fagernes.

Avisa Valdres har hovudkontor på Fagernes. Valdres Radio har også kontor i utkanten av tettstaden.

Tingnes kyrkje ligg på Fagernes.

I 2012 vart det vedteke at nye Valdres Lokalmedisinske Senter (LMS) skulle oppførast.

Rett ovanfor sentrum ligg idrettsanlegget Blåbærmyra. Valdreshallen som er tilknyttet ungdomsskulen, inneheld handballbane og 25 m symjehall.

Historie endre

Otto Larsen Stuve fekk det fyrste statlege handelsløyve på staden i 1857, og han starta snart også hotelldrift her. Folk tok til å kalle staden Stuvenes, men Stuve fann sjølv på namnet Fagernes. Stuve vert rekna som grunnleggjar av Fagernes.

Staden fekk eit kraftig oppsving i samband med at Valdresbanen i 1906 vart bygd ferdig fram til endestasjonen Fagernes. Byggjeakteviteten og veksten har halde fram gjennom heile 1900-talet.

Den 8. september 2007 tok Fagernes bystatus samstundes med at 150-årsjubileumet for grunnlegginga av staden vart feira.

 
Skulptur på Skiferplassen, til minne om mennesker og dyr ved Valdres Skiferbrudd, Øystre Slidre
Foto: John Erling Blad
Folketalsutvikling på Fagernes
År Innbyggjarar
1920
  
379
1930
  
553
1946
  
887
1950
  
982
1960
  
1 234
1970
  
1 646
1980
  
1 787
1990
  
1 783
2000
  
1 788
2009
  
1 762
2012
  
1 762
Kjelder:

Bakgrunnsstoff endre