Ola Nilson Drange

Båtbyggjar frå Os

Ola Nilson Drange (18511938) var ein norsk båtbyggar og bonde frå Drange i noverande Bjørnafjord kommune i Vestland. Han var av båtbyggjarfamilie, og starta i lære som båtbyggjar som 13-åring. Han bygde oselvarar.

Oselvar-færing

Ola Drange var smed og laga beslaga sjølv til båtane han bygde. Han var tidleg ute med galvanisering av båtjarn han smidde. Dette lærde han og andre smedar og båtbyggjarar. Ola tok i bruk ein ny måte å lage halsane til oselvarane på, slik at han kunne nytte ut båtbyggestokkane betre. Han vert og tillagd æra av å stå bak naglesnittet, ein reiskap til å lage trenaglar på ein enkel måte. Han var ein av dei første som tok til å bygge båtar laga for bruk med motor.

Ola Drange tok initiativet til skiping av Os Baatbyggerforening i 1898. Han var mellom dei første båbyggjarane som stilte ut Oselvaren. Han bygde båtar til han var over 80 år.

I 1931 fekk Ola Drange kongens fortenestmedalje i sølv.

Kjelder

endre
  • Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. s. 79. ISBN 978-82-7959-244-0.