Opna hovudmenyen

Ola Olsson Espe (12. oktober 17832. september 1860) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Ullensvang i Hordaland.

Ola Olsson Espe
Fødd 12. oktober 1783
Ullensvang
Død

2. september 1860
Ullensvang

Yrke bonde, politikar

Espe var son av ein gardbrukar i Ullensvang. Han var gardbrukar på farsgarden frå 1813 til 1845. Perioden 1837-41 var han medlem av heradsstyret, og var elles valmann med mange kommunale verv.

Espe var 1. og 2. varamann til Stortinget frå Søndre Bergenhus amt i høvesvis 1824 og 1827. I 1830 var han 1. representant frå valkrinsen, på Stortinget var han medlem av næringskomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Ullensvang i 1860.

KjelderEndra