Ola Olsson Heimsæter

Ola Olsson Heimsæter (17851. juni 1836) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Hyen i Gloppen.

Ola Olsson Heimsæter
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1785
Død

1. juni 1836 (51 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Heimsæter voks opp på garden Røyrvik i det vestlege dalføret i Hyen. I yngre år var han militær underoffiser, og deltok i krigshandlingar. Seinare tok han over farsgarden og dreiv denne. Han tok initiativ til å få bygt veg frå Hope i Hyen til bygdene i dalføret Vestre Hyen. Vegen opna i 1860, over tjue år etter han døydde.

Heimsæter var 3. representant for Nordre Bergenhus amtStortinget 1824, og på ny i 1830. Han vart vald til ein tredje periode 1836-38, døydde i Kristiania under stortingsopphaldet, juni 1836. På alle tingsamlingane var han medlem av militærkomiteen.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre