Ola Torsteinsson Lyngstad (7. oktober 189411. februar 1952) var ein norsk landbruksbyråkrat og politikar frå Øystre Slidre. Han var «ein dugande skipingsmann og gjæv vegbrøytar for alt han arb[eidde] for»[1] og som representerte Oppland og partiet VenstreStortinget i perioden 1945-49.

Ola T. Lyngstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1894
Død

11. februar 1952 (57 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Liv og gjerning endre

Lyngstad gjekk Valdres folkehøgskule vinteren 1911/12, fylkesslandbruksskulen på Storhove 1912-14 og Statens Småbrukslærarskule 1917/18. Han var så eitt år småbrukslærar, deretter var han tilsett i Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram til 1924. 1921-22 redigerte han jordbrukstidsskriftet Vort Land og 1922-25 lagsbladet Småbrukaren. Åra 1924-27 var han gardbrukar i heimbygda. Frå 1927 til -52 var han fylkesagronom i Oppland.

Lyngstad skipa i 1924 Landslaget for Telemarks-geit, eit lag han var formann i fram til 1946, då laget gjekk inn i Norsk sau- og geitalslag, med Lyngstad som formann til 1952.

I 1936 tok han over som fylkesformann i Radikale Folkeparti. Fredssommaren 1945 gjekk Radikale Folkeparti i samarbeid med Venstre, og Lyngstad vart vald til stortingsrepresentant for Venstre hausten 1945. På Tinget var han nestformann i Skog- og vassdragskomiteen. Ved stortingsvalet i 1949 lukkast han ikkje å verte attvald.

Kjelder endre

  1. Norsk Allkunnebok VIII:298