Ola Torstensson Standal

Ordførar i Hjørundfjord

Ola Torstensson Standal (181212. februar 1870) var ein gardbrukar på Indre-Standal i Hjørundfjord. Han var ordførar 1854-57 og 1862-65 i dåverande Hjørundfjord kommune.

Ola Torstensson Standal
Fødd1812
Død12. februar 1870 (58 år)

Ola Torstensson var frå Kolbingarden på Indre-Standal. I ungdomen gjekk han i lære hos soknepresten i Hjørundfjord prestegjeld, før han vart send til klokkar Lars Strømme i Ørskog. Etter eit ti veker langt lærarkurs, skulte Ola i ymse krinsar i Hjørundfjord frå 1830 til 1848. Ei vinterfiskje på sunnmørskysten forliste båten han var med, fekk berga seg i land på folketome Erkna og vart oppdaga av folk på ei anna øy. I 1844 fekk Ola skøyte på ein part av farsgarden, bygde hus på bruket som heiter Olagarden etter honom. Stovehuset står i 2024, påbygt og modernisert.

Ola sat i formannskapet i Hjørundfjord kommune frå 1848 til og med 1867. Han var varaordførar 1850-51, ordførar 1854-57, varaordførar 1858-61 og ordførar 1862-65. Frå 1861 til 1865 var han også overformyndar.

Ola var gift med Anne Knutsdotter Hole. Dei vart foreldre til Torstein, som så frå seg odelen, og Marta. Det vart såleis Marta og ektemakten hennar som dreiv Olagarden vidare.

Kjelder

endre