Opna hovudmenyen

Lars Olaus Petersson Strømme (22. september 180413. desember 1885) var ein lærar, gardbrukar og politikar frå ØrskogSunnmøre. Ludvig Strømme var son hans. Han var farfar til den yngre Lars Strømme d.y..

Lars Strømme
Fødd 22. september 1804
Død

13. desember 1885

Liv og gjerningEndra

Strømme var son av ein gardbrukar og kyrkjesongar. Han vart utdanna til lærar ved skulen Kristi Krybbe i Bergen. Sjølv var han lærar og kyrkjesongar i heimbygda Ørskog 1835-74. Strømme dreiv ein slags lærarskule. Emnelege ungdomar (gutar) frå andre sunnmørsbygder gjekk i lære hos han, for sjølve å verte lærar i sine heimbygder. Den seinare stortingsmannen Paul Aklestad var ein av desse. Strømme tok over farsgarden Haukås og dreiv denne.

Strømme var ordførar i Ørskog kommune (som den gong også omfatta Sykkylven) i atten år, 1850-67. Attåt var han styreformann i Ørskog Sparebank 1857-85.

Han var varamann til alle storting frå 1848 til 1862-63. Nesten til alle tingsamlingane var han 2. varamann frå Romsdals amt.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914