Sigurd Lybeck

Sigurd Lybeck (25. september 18955. november 1975) var ein norsk småbrukar og forfattar frå Etnedal. Han vart landskjend som forfattar av bøkene og teikneseriane om Jens von Bustenskjold i Oladalen. Lybeck skreiv over 60 romanar og 300 noveller.

Sigurd Lybeck
Fødd 25. september 1895
Død

5. november 1975 (80 år)

Yrke teikneserieskapar
Sigurd Lybeck på Commons

Om vintrane arbeidde Lybeck på dagtid i skogen, kveldane nytta han til skriving heime på Lybekk-bruket. Fyrste småstykka med forteljingar frå bygdemiljø fekk han prenta i lokalbladet Valdresen. I 1928 kjøpte han på Dokka eit nummer av Arbeidermagasinet og fekk deretter kontakt med Nils Johan Rud, redaktøren i Arbeidermagasinet. Serien om dei giftegalne kallane i Oladalen, med Jens von Bustenskjold sentralt i forteljingane om eit bygdesamfunn med særmerkte karakterar, kom over mange år. Historiene vart illustrert av teiknaren Anders Bjørgaard. Ut av Lybeck sine verk kom også filmkomedien Bustenskjold, med Leif Juster i hovudrolla.

KjelderEndra