Olaf Moriarty Solstrand (fødd 29. juli 1982 i Oslo) er ein norsk teikneserieforfattar frå Åfjord kommune i Sør-Trøndelag, no busett i Ski. Han har skrive Disney-teikneserier for Egmont sidan 2001, og vart då den første norske Disney-forfattaren sidan 1980-åra. Den første historia hans, «Donald for en dag», vart publisert i Donald Duck & Co nr. 26/2003, og er teikna av Nuñez.

Olaf Solstrand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juli 1982 (41 år)
Oslo
Yrke teikneserieskapar

16. juni 2006 skapte Solstrand nettstaden Nettserier.no[1], ein nettstad som fungerer både som utstillingsvindauge for lovande norske serietalent, og ein stad der serieteiknarar kan finne kvarandre og utveksle tilbakemeldingar og røynsler.

13. september 2010, under den årlege teikneseriefestivalen Raptus, vart Solstrand tildelt "Raptusprisen" for sin innsats for teikneseriar i Noreg.[2]

Referansar endre

  1. Solstrand, Olaf. «Nettserier.no». Nettserier.no. Henta 14. august 2006. 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 30. juli 2011 

Bakgrunnsstoff endre