Ski kommune

kommune i Akershus

Ski var ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensa til Oppegård og Oslo kommune i nord, Enebakk og Hobøl i aust , Ås i sør og mot Frogn i vest. Den 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Oppegård kommune til Nordre Follo kommune.[1]

Ski kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Adm.senter Ski
Areal 166 km²
 - land 162 km²
 - vatn km²
Folketal 30 880 (1. januar 2018)
Målform nøytral
Ordførar Tuva Moflag (Ap)
Kommunenr. 0213
NO 0213 Ski.svg
Wikimedia Commons: Ski, Norway
Nettstad: www.ski.kommune.no
Kråkstad kyrkje, ei av dei to mellomalderkyrkjene i Ski
Foto: Øyvind Holmstad
Ski stasjon snur mange lokaltog frå Oslo.
Foto: Trond Strandsberg

Ski var òg namnet på administrasjonssenteret i kommunen. Ski fekk sommaren 2004 bystatus, og er eit knutepunkt for jarnbanen i Oslo-området. Ski er regionsenter for Follo-området.

Namnet «Ski» kjem frå den gamle forma Skeidi. Skeidi er igjen ei avleiing av ordet skeid, som tyder ein stad der ein held kappløp eller kappriding. Ski kommune har hestehovud i sitt kommunemerke.

Kommunen omfatta tettstadane Ski (om lag 12000 innbyggjarar), Langhus (15000), Kråkstad (2000) og Siggerud (1000).

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra