Olav Bolland (fødd 17. januar 1962) er ein norsk professor i energi- og prosessteknikk, med spesialisering innan termisk kraftproduksjon, karbonfangst og -lagring, partikkelteknikk og tørking. Bolland var ein av dei første forskarane i Noreg som byrja å forska på CO2-fangst frå gasskraftverk.[1]

Olav Bolland

Fødd17. januar 1962
Ler
Nasjonalitetnorsk
YrkeInstituttleder ved Institutt for energi- og prosessteknikk ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet – NTNU.
Professor i energi- og prosessteknikk.
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materNoregs tekniske høgskole
MedlemNorges Tekniske Vitenskapsakademi

Bolland har sidan 1989 forska på, undervist om og skrive ei rekkje innlegg om gasskraftverk i Noreg og CO2.[2][3][4][5]

Han har vore ein aktiv idrettsutøvar i heile sit liv, hovudsakleg innanfor løping og langrenn.

Karriere endre

Bolland fullførte både mastergraden og doktorgraden i maskinteknikk ved Noregs tekniske høgskule (NTH), ein av forløperne til NTNU. Frå 1990 var han førsteamanuensis ved NTNU til han vart oppnemnd som professor i 2002 ved Institutt for energi- og prosessteknikk. Han vart instituttleiar ved Institutt for energi- og prosessteknikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet – NTNU i 2009.

I perioden 2003-2005 bidrog han i Dei sameinte nasjonane sitt klimapanel, som mottok Nobels fredspris i 2007.[6] Bolland var hovudforfattar for klimapanelet sin spesialrapport om karbonfangst og -lagring.[7]

Han var direktør ved Gassteknisk senter NTNU-SINTEF frå 2008 til 2009. Han var nestredaktør i International Journal of Greenhouse Gas Control i perioden 2006 til 2013.

Olav Bolland er medlem i Noregs Tekniske Vitskapsakademi.[8]

1. august 2017 tiltredde han som dekan ved Fakultet for ingeniørvitskap ved NTNU.

Prisar og utmerkingar endre

I 2011 mottok Bolland Statoil sin Annual Award for Outstanding Research for arbeidet sitt for å utvida kunnskap om karbonfangst og prosessar for å redusera utslepp.

NTNU sin arbeidsmiljøpris 2014 gjekk til Olav Bolland, for at han har «vist stort engasjement for sit helsa til institutt, miljø og tryggleiksarbeid».[9]

Publikasjonar endre

  • Liste over publikasjonar i CRIstin[10]
  • Liste over publikasjonar i Google Scholar[11]

Referansar endre

  1. «Flere snuser på miljøvennlig CO2-lagring», Gemini, 4. juli 2006 
  2. Overdreven tro på Hydro-planer (Aftenposten 2.5.1998)
  3. En vei til "CO2-fri" gasskraft Arkivert 2014-12-08 ved Wayback Machine. (Kronikk i Adresseavisen, 21.02.2000)
  4. Enorme kostnader kan stoppe CO2-fangst (Teknisk Ukeblad 3.2.2009)
  5. «Karbonfangst på Europa-kartet», Dagens Næringsliv: 3, 7. mai 2015 
  6. NTNUs fredsprisvinner (Universitetsavisa 16.10.2007)
  7. The IPCC Special report
  8. Liste over medlemmer i Norges Tekniske Vitenskapsakademi som bor i Norge, arkivert frå originalen 8. desember 2014, henta 24. juni 2017 
  9. Prisdryss på NTNU-festen (NTNU.no/aktuelt 22.11.2013)
  10. Liste over publikasjonar i CRIstin[1]
  11. Liste over publikasjonar i Google Scholar[2]

Bakgrunnsstoff endre