Olav Jakobsen Høyem (18301899) var ein norsk lærar, telegraf, språkvitar og tilsynsførar med å trykkje pengesetlar. Han vart fødd på Byneset utanfor Trondheim i Sør-Trøndelag. Far hans var Jakob Høyem og mora Karen Olsdatter Prestegaard Høyem. Som språkvitar kjempa han for ei nynorsk skrivenorm som samsvara betre med ljodsystemet til trøndersk enn landsmålet til Ivar Aasen gjorde. Ein merkverdig ting er at han etymologisk nytta den gamle nordiske bokstaven ð som ein stum bokstav i t.d. með [meː], preposisjonen med, frå det gamle nordisk með, som var stava med i Ivar Aasen sin normal. Han føretrekte også å nytte a-ending der Ivar Aasen nytta i, til dømes sola i staden for soli. Denne skrivenorma kalla han for trøndernormalen.

Olav Høyem
Fødd1830
Død1899
Yrkelingvist

Kjelder

endre