Olav Heggstad (5. mars 18772. mai 1954) var ein norsk bygningsingeniør og professor.

Olav Heggstad
Professor Olav Heggstad (1940) (4814642625).jpg
Fødd 5. mars 1877
Namsos
Død

2. mai 1954 (77 år)
Trondheim

Yrke bygningsingeniør
Olav Heggstad på Commons

Heggstad var fødd i Namsos som son av professor Christopher Marius Heggstad og Pernille, fødd Midgard. Han utdanna seg ved ingeniørlinja ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt og tok eksamen i 1896. 18991900 studerte han ved den tekniske høgskulen i Dresden i Tyskland. Frå 1897 til 1902 var han ingeniør i Kanalvesenet. Olav Heggstad var deretter ingeniør ved Sam Eyde sitt ingeniørkontor i Kristiania. Han arbeidde som konsulent ved ymse kraftutbyggingstiltak, mellom anna frå 1903 leiar for reguleringa av Møsvatn i samband med utbygginga på Rjukan.

Han blei utnemnd til professor i vassbygging ved Norges Tekniske Høgskole (NTH) i Trondheim frå 1912. Professor Olav Heggstad var rektor ved NTH i tidsrommet frå 1929 til 1932.

LitteraturEndra

  • Heggstad, Olav: Vassbygging, Trondheim 1926 – 1945.