Møsvatn
Møsvatn er ein innsjø som i hovudsak ligg i Vinje kommune i Vestfold og Telemark. Innsjøen er ein del av Skiensvassdraget. Langs breidda er det funne ei mengde spor frå steinalderen, og her finst òg nokre av dei høgastliggande fjellgardane i Noreg.
Møsvatn | |||
innsjø | |||
Storfjorden på Møsvatn i retning vest
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommunar | Tinn, Vinje | ||
Høgd over havet | 900-918.5 moh. | ||
Areal | 78,44 km² | ||
Middeldjupn | 20 m | ||
Største djupn | 68,5 m | ||
Volum | 1,569 km³ | ||
Kystlengd1 | 179,28 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Møsvatn | |||
Wikimedia Commons: Møsvatn | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Innsjøen er ei viktig ferdselsåre for fastbuande og turistar. Han vert trafikkert av rutebåt om sommaren og snøscooter om vinteren. Møsvatn vart regulert i åra frå 1903. Olav Heggstad leia arbeidet med denne reguleringa.
Møsvatn er demd opp av Møsvassdammen og Torvehovdammen og er hovudmagasin for Frøystul kraftverk. Innsjøen er den tredje største i Noreg med ein kapasitet på 1066 millionar m³. Dette utgjer heile 68% av totalt vatnvolum.
Sjå òg Endra
Bakgrunnsstoff Endra
Møsvatnet sett frå Holvik i Tinn kommune
Foto: Tommy Gildseth