Opna hovudmenyen

Olav IV Håkonsson var konge av Noreg frå 1380 til 1387. Olav vart fødd i 1370, med døydde allereie 3. august 1387. Konge av Danmark frå 1376 til 1387 som "Oluf II". Olav IV Håkonsson var son av dronning Margrete Valdemarsdotter og kong Håkon VI Magnusson. Då kong Valdemar IV Atterdag av Danmark døydde var det berre Margrete som levde att av dei seks borna han hadde fått. Valdemar hadde lova at kongen av Sverige, Albrecht III av Mecklenburg, skulle få utpeika son sin til konge av Danmark. Etter at Valdemar døydde sette det danske riksrådet seg imot ei slik løysing. Valet fall i staden på Olav, son av Margrete. Sidan Olav berre var om lag fem år gamal, vart Margrete formyndar for han.

Olav IV
Oluf 2 of Denmark (Kronborg tapestries).jpg
Regjeringstid13801387
Fødd1370
FødestadAkershus festning
Død1387
DødsstadFalsterbo
GravstadSorø Kloster
FøregangarMagnus Eriksson
EtterfølgjarMargrete Valdemarsdotter
DynastiFolkungaætten
FarHåkon VI Magnusson
MorMargrete Valdemarsdotter
Restar av gravsteinen til Olav i Sorø klosterkyrkjeSjælland i Danmark
Foto: Orf3us

I 1380 døydde kong Håkon VI av Noreg, og Olav overtok trona. Margrete innleia etter kvart samtalar med svenske stormenn for å få Olav (svensk: Olof) som konge der. Olav døydde allereie 3. august 1387, 16 år gamal. Planane til Margrete vart ikkje gjennomførte i denne omgangen.

Olav vart gravlagd i klosterkyrkja i Sorø i Danmark. Han vart aldri gift og etterlét seg ingen born.

Sjå ògEndra