Olav Løkse
Olav Løkse (9. oktober 1910–24. februar 1999) var ein norsk filolog og skulemann frå Salangen.
Olav Løkse | |
Fødd | 9. oktober 1910 |
Død |
24. februar 1999 (88 år) |
Løkse vart cand.philol. i 1938 og arbeidde som lektor i den høgre allmennskulen i Kongsberg i tida 1939-45. Etter eitt år som lektor på Ullern i Oslo, var han frå 1946 rektor på Troms Offentlege Landsgymnas til 1980. Jamsides skreiv han artiklar og avhandlingar om kultur- og litteraturhistoriske emne.
Løkse døydde i Finnfjordbotn i Lenvik.
I eit langt lyrisk «Minneord» i Skolefokus nr 8, 1999, ytra Torstein Sausjord mellom anna:
«Så difor var i all di ferd i skule, lag og samfunnsliv
du alltid målmann,
av di du såg kor snøgt det er å verta talerøyr
for andre sine gamle, daude tankar,
når me det ikkje maktar
å bruke målet som i eige hjarta bankar.»
Kjelder
endre- Troms Offentlege Landsgymnas:20.
- Skolefokus 8/1999:56.