Olav Luksengård Mjelva

Olav Luksengård Mjelva (fødd 23. september 1983) er ein norsk felepelar frå Røros. Mora kjem frå Hallingdal.

Olav Luksengård Mjelva
Fødd23. september 1983 (40 år)
OpphavNoreg
Instrumentfiolin
Verka sommusikar
PrisarSpellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, Folkelarmprisen

Karriere endre

Han starta å spela fele på musikkskulen på Røros som sjuåring, deltok i juniorlag og reiste på kappleik. Etter vidaregåande var planen å utdanna seg til eigedomsmeklar, men han bestemte seg for å ta eit speleår fyrst. Difor starta han på Raulandsakademiet. Seinare hjelpte han til med å byggja opp eit folkemusikkarkiv på Røros saman med Leif Ingvar Ranøien. Mjelva har også spelt i folkemusikk/jazz-bandet Sver. [1]

Etter dette hadde Mjelva fått smaken på folkemusikk og byrja på Ole Bull AkademietVoss, der han voks mykje musikalsk. I 2006 fekk Mjelva saman med John Ole Morken Bergstadstipendet frå Røros kommune. I 2009 gav han ut plate for fyrste gong. Ho fekk namnet Fele/Hardingfele, Røros/Hallingdal og kom ut på Etnisk musikklubb. For plata vann Mjelva Spellemannprisen 2009 i klassa folkemusikk/ gamaldans.

Kjelder endre

Referansar endre