Olav Lundanes
Olav Lundanes (fødd 11. november 1987) er ein tidlegare orienteringsløpar frå Ålesund. Åra frå 2010 til 2019 vann han 10 gullmedaljar i verdsmeisterskap, seks av dei på klassiskdistansen, to på mellomdistansen og to i stafett.
Olav Lundanes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. november 1987 (37 år) Ålesund kommune |
Idrett | orientering |
Aktiv
endreLundanes voks opp på matrikkelgarden Eikenosa i det som ein gong var Borgund kommune. Alt frå barneåra var han aktiv i Emblem Idrettslag, om sommaren med orientering og om vinteren i langrenn. 16 år gammal flytta han til Oslo for å kunne lukkast med å nå eit nasjonalt toppnivå i orientering. Han melde seg inn i Østmarka OK og tevla for det idrettslaget fram til 2008.
I junior-VM 2005 i Sveits vann Lundanes ein suveren siger på den lengste distansen. I eit terreng med mange bakkar kom hans særlege styrke til nytte, heime på Eikenosa hadde han utvikla seg i springing i bratte bakkar. Året etter vart han andremann på normaldistansen ved junior-VM 2006 i Druskininkai i Litauen, og nummer 3 på mellomdistansen og i stafetten. Lundanes tok samtlege seks gull under NM for junior 2006. Frå junior-VM 2007 i Dubbo i Australia reiste han med gullmedaljar frå normaldistansen og mellomdistansen, og sølvmedaljar på den korte distansen og stafetten.
Lundanes fekk sin debut i senior-verdsmeisterskap allereie i 2007 i Kyiv. I 2008-sesongen enda han på 19. plass på klassisk-distansen ved EM i orientering i Ventspils. Han kom femteplass på same distansen under NM 2008 i Tromsø.
Ved verdsmeisterskapen 2009 i Miskolc vart Lundanes nummer 4 på kortdistansen og 7 på den klassiske normaldistansen. Midt i september vart han norsk meister for fyrste gong. På normaldistansen i Haltdalen slo han andremann med nærare sju minutt. Han representerte då Halden Skiklubb, og tre dagar seinare sprang han i Holtålen laget inn til NM-gull på stafetten, Sidan var han med på å vinne NM-stafetten for Halden SK i 2010, 2016 og 2017.
Under verdsmeisterskapen 2010 i Trondheim vart Lundanes verdmeister på klassisk-distansen. Han avslutta meisterskapen med sølv på stafetten, på lag med Audun Weltzien og Carl Kaas.
I november 2011 vart Lundanes kåra til årets orienteringsløpar av Norges orienteringsforbund, ein pris han tok imot ved Orienteringsgallaen i Halden. Same kvelden vart Emblem Idrettslag og eit anna lag tildelt O-idrettens rekrutteringspris 2011. Prisen til Emblem IL var det foreldra hans som tok imot. I desember vart Lundanes tildelt Sunnmørsposten sin idrettspris for sine prestasjonar i o-løypa. Denne prisen, opphavleg kalla Nordvest-prisen, har avisa tildelt årleg sidan 1961 og kan berre mottakast ein gong.
Januar 2012 vart Lundanes utnemnd til MOT-ambassadør i Ålesund. Under europameisterskapen Falun i mai sprang Lundanes inn til siger på dei to lengste distansane. Den 19. juli triumferte han for andre gong på den lengste VM-distansen. I Le-Chalet-á-Gobet ved Lausanne slo han sølvmedaljøren Matthias Merz med 2 minutt og 52 sekund. Meisterskapen i Sveits avslutta Lundanes med å springe Noregs stafettlag inn til sølvplass, seks sekund bakom Tsjekkias Jan Procházka og fem sekund framom Sveriges ankermann.
Vårsesongen 2013 var Lundanes plaga av både skade og av sjukdom. Usemje med landslagsleiinga førte til at han om sommaren let vere å stille opp i VM, endå om han var førehands-utteken.
I 2014 i Asiago-Lavarone vann Lundanes sitt fyrste VM-gull på mellomdistansen. Thierry Gueorgiou vart utropt som vinnar av distansen, men etter nokre minutt vart det klart at franskmannen hadde sprunge forbi ein post og difor vart diskvalifisert. Dermed gjekk gullmedaljen til Lundanes. På klassisk-distansen tok Lundanes bronsemedaljen. Til Idrettsgallaen i januar 2015 var han prisnominert i kategorien «Åpen klasse», prisen vart tildelt Magnus Carlsen, verdsmeisteren i sjakk.
I 2015 var Lundanes skadeplaga i vårsesongen. Såleis var det litt overraskande at han makta vinne bronsemedaljen på klassisk-distansen ved verdsmeisterskapen ved Inverness i Skottland. I september vann Lundanes sin andre kongepokal då han for fjerde gong gjekk til topps på klassisk-distansen i ein noregsmeisterskap. Tevlinga fann stad i eit fysisk krevjande myr-terreng på Frolfjellet i Levanger. Ved sesongslutt stod han att som tredjemann verdscupen.
30. april 2016 tok Lundanes sin åttande verdscupsiger då han vann mellomdistansen i polske Wroclaw. 15. mai skada han seg under Tiomila. På den niande etappen datt han og slo ei skulder ut av ledd. Frå leiarposisjon i stafetten for Halden SK måtte Lundanes bryte. Til VM 2016 i Bohuslän var Lundanes tilbake frå skade. Han innleia meisterskapen med sølvmedalje på mellomdistansen, 14 sekund attom Matthias Kyburz. To dagar seinare distanserte Lundanes alle konkurrentane på den 15,5 km lange klassisk-løypa i Tanum. Siste dagen i meisterskapen vann Noreg stafetten, for fyrste gong på elleve år. Carl Kaas sende Noreg i føringa på startetappen, Lundanes auka leiinga på andre-etappen og ankermann Magne Dæhli sikra tetplassen heilt inn i mål. Med sine to gullmedaljar og eine sølvmedalje var Lundanes den mestvinnande utøvaren i meisterskapen. I september vart han norsk meister på normaldistansen og i stafett med Halden SK. Han avslutta sesongen med ein andreplass på normaldistansen i verdscupfinalen i Aarau i Sveits, samanlagt enda han på tredjeplass i verdscupen i orientering 2016.
Under VM i Estland i juli 2017 forsvarte Lundanes gullmedaljen på normaldistansen. Også Noregs stafettlag forsvarte topp-plassen frå året. Startmann Eskil Kinneberg sende Lundanes ut på andreetappen som nummer 2. Lundanes skaffa Noreg ei luke på nesten eitt minutt til Frankrike. Ankermann Magne Dæhli heldt på leiinga og sprang Noreg inn til landets tolvte VM-gull i stafett. For sine prestasjonar i 2017-sesongen vart Lundanes prisnominert til Idrettsgallaen 2018.
Lundanes vann både tredje og fjerde EM-gull under EM i orientering 2018 i sveitsiske Ticino. 12. mai tok han seg av ankeretappen for det norske mannskapet som vann stafetten framom Sveits. Dagen etter vann Lundanes normaldistansen, sveitsaren Matthias Kyburz vart nummer 2. VM i Latvia i august 2018 opna Lundanes med å verte nummer 6 på mellomdistansen. Deretter vann han normaldistansen for tredje året i rad. Grunna magesmertar stod han over stafetten.
I 2019 deltok Lundanes i sitt tiande verdsmeisterskap. I Spydeberg den 14. august vart han den fyrste karen som vann klassisk-distansan fire gongar etter einannan. To dagar seinare sprang han i mål som sigerherre også på mellomdistansen og tok dermed sitt tiande VM-gull.
I tida frå 2010 til 2019 sanka Lundanes 25 NM-gull i ulike variantar av orienteringsløp. 21 av gullmedaljane vann han i individuelle tevlingar, 4 kom i stafett.
Ein skadeplaga Lundanes la opp etter 2021-sesongen.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
endre- VM 2009: Nr 4 på kortdistansen
- VM 2010: Gull på klassiskdistansen, sølv i stafett
- VM 2011: Bronse på mellomdistansen, sølv i stafett
- VM 2012: Gull på klassiskdistansen, sølv i stafett
- VM 2014: Gull på mellomdistansen, bronse på klassiskdistansen
- VM 2015: Bronsemedalje på klassiskdistansen
- VM 2016: Gull på klassiskdistansen og i stafett, sølv på mellomdistansen
- VM 2017: Gull på klassiskdistansen og i stafett
- VM 2018: Gullmedalje på klassiskdistansen
- VM 2019: Gull på klassiskdistansen og mellomdistansen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olav Lundanes» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2023.