Olav Nilsen

norsk fotballspelar

Nils Olav Nilsen (24. januar 194211. oktober 2021[1]) var ein norsk fotballspelar, fødd på Roaldsøy i Stavanger. Han spela 17 sesongar for Viking Fotballklubb og var med å vinne tre seriemeisterskap og eitt cup-gull. Mellom 1962 og -71 spela han 62 landskampar for Noreg.

Olav Nilsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. januar 1942
Stavanger kommune
Død

11. oktober 2021 (79 år)

Idrett fotball

Aktiv endre

Nilsen spela for det meste på midtbana, men var i periodar også midtspiss. I sin debutsesong var han med då Viking i 1959 vann sitt andre cupmeisterskap, med finalesiger 2-1 etter ekstraomgangar over Sandefjord Ballklubb.

Han debuterte på det norske fotballandslaget i juni 1962, og var gjennom 1960-åra ein sentral spelar på landslaget. I alt skåra han 19 landslagsmål, derimellom eitt av måla då Noreg vann med 3-0 over JugoslaviaUllevål stadion i ein VM-kvalifiseringskamp i juni 1965, høgdepunktet for norsk landslagsfotball på 1960-talet.

Nilsen var ein sentral spelar då Viking vann fire strake seriemeisterskap i tida 1972-75. Sjølv spela han på laget til og med 1974, og var deretter trenar for klubben då den fjerde meistertittelen vart sikra i 1975. Han spela sin siste kamp i cupfinalen 1974, der Viking tapte mot Oslo-klubben Skeid.

Merittar endre

  • Norsk seriemeister med Viking FK 1972, 1973, 1974
  • Norsk cupmeister 1959 med Viking FK

Kjelder endre

  1. Dødsannonse Arkivert 2021-10-19 ved Wayback Machine., vareminnesider.no