Olav R. Øyehaug
Olav Røyrhus Øyehaug (fødd 1977) er ein norsk forfattar, musikar og komponist frå Ørsta.[1] Gunnhild Øyehaug er systera hans.
Olav R. Øyehaug | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1977 (47 år) Ørsta |
Yrke | skribent |
Påverka av | Daniil Kharms, russisk absurdisme, surrealismen |
Periode | 2008 - |
Sjanger | Fabulerande prosa |
Debut | Kodane |
Han speler i gruppa The Kanossa Gang og komponerer filmmusikk. Som forfattar debuterte han i 2008 med kortprosasamlinga Kodane.[2] Den andre boka hans heiter Essensen og kom i 2011.[3]
Øyehaug er busett i Bergen og skriv på nynorsk.
Bøker
endre- 2008 – Kodane – forteljingar
- 2011 – Essensen – forteljingar
Referansar
endre- ↑ Silje Stavrum Norevik (25. november 2008). ««En absurdist fra Ørsta»». Bergens Tidende. Henta 6. mars 2012.
- ↑ ««Olav R. Øyehaug»». Nettstaden til Kolon Forlag. Henta 6. mars 2012.
- ↑ Nils Gjerstad (16. november 2011). ««Den musikalske surrealisten»». Byavisen. Henta 6. mars 2012.