Olav Thomasson Luraas

Norsk rosemålar

Olav Thomasson Moen Luraas (30. november 184028. november 1920) var ein norsk rosemålar frå Tinn. Han var son til Tomas Øysteinsson Lurås.

Olav Thomasson Luraas
Fødd 30. november 1840
Død

28. november 1920

Yrke rosemålar

Luraas gjekk i lære hos far sin, og måla ei tid mykje likt faren. Etter kvart utvikla han sin eigen stil, og på sitt beste var han ein framifrå rosemålar. Han levde ugift, og budde i lang tid i Sauland, sist i Tjønnåsdalen. Han vart registrert som fattig ved folketeljinga 1910.

KjelderEndra