Olavskyrkja i Tønsberg
Olavskyrkja i Tønsberg var ein rundkirke som tilhøyrde Olavsklosteret i Tønsberg. Ho er nemnt fyrste gong i 1206, og vart øydelagt i brann, sannsynlegvis under den store bybrannen i 1536.[1]
Baglarkongen Erling Steinvegg vart gravlagt i Olavskyrkja då han døydde i 1207.
Olavskyrkja er den einaste rundkyrkja i Noreg, og den største av slaget sitt i Norden. Då ho vart bygd, på slutten av 1100-talet, skulle ho vera ein kopi av Kyrkja til den heilage grav i Jerusalem. Ho fungerte både som kyrkje og borg, sidan premonstratermunkane som brukte Olavsklosteret hadde sterke fiendar.[2] Rundhuset, som er hovuddelen av dei tre runddelene, var på 23 meter i indre diameter.[3]
Ruinane av kyrkja kan sjåast i utgravingene som er gjort av Olavsklosteret, der Riksantikvaren driv konserveringarbeid. Utgravingene ligg ved Storgaten i Tønsberg, og konserveringarbeidet var ferdig i 2009.[4]
Foreininga Rundkirkens venner i Tønsberg arbeider for å formidla historia til Olavskyrkja, og ønsker å gjenreisa kyrkja.[5][6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olavskirken i Tønsberg» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2016.
- ↑ «Dei gamle kyrkjene i Tønsberg»
- ↑ Mellomalderkyrkjene i Vestfold –
- ↑ Pilegrim.no –, arkivert frå originalen 26. august 2005, henta 9. september 2016
- ↑ Tønsbergs Blad –
- ↑ Tønsbergs blad 6/6-2015. http://www.tb.no/tonsberg/kultur/er-det-noe-som-er-juks-er-det-ruinene-vare/s/5-76-79803
- ↑ Om Rundkirkens venner. http://rundkirken.no/documents/om-rundkirkens-venner.php
Bakgrunnsstoff
endre- Riksantikvaren - Olavskirken i Tønsberg
- Olavskyrkja i Tønsberg i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren på Nettstaden til riksantikvaren kulturminnesok.no
- Rundkirkens venner, samskipnad for formidling av Olavskirkens historie
- Er det noe som er juks, så er det ruinene våre. Artikkel i Tønsbergs Blad om ønske om gjenreising av Olavskirken, 6. juni 2015
- Olavskyrkja i Tønsberg i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren