Oldany Island
Oldany Island (tidlegare Oldney Island) er ei busetnadslaus øy i Assynt i Sutherland, nordvest i Skottland. Namnet har norrønt opphav.
Oldany Island | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°16′N 5°16′W / 58.26°N 5.26°W
|
Areal | 2,0 km²
|
Høgaste punkt | Sidhean nan Ealachan (104 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Highland
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Oldany Island er ei stor tidvassøy sørvest i innløpet til Eddrachillis Bay/Kylescu. Ho har eit areal på to kvadratkilometer og det høgaste punktet er Sidhean nan Ealachan på 104 meter over havet.[1] Handa Island ligg i nord, på andre sida av Eddrachillis Bay; Eilean Chrona ligg i sørvest og Sgeir nan Gall («Arret til nordmannen») ligg i nord.
Busetnaden Oldany ligg like ved øya på fastlandet. Øya har lenge vorte nytta for sauebeite.
-
Oldany Island frå Culkein Drumbeg på fastlandet. Syner dei mange småøyane aust for Oldany.
-
Oldany Island til høgre, sett frå fastlandet (til venstre).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Oldany Island» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Overview of Oldnay». Gazetteer for Scotland. Henta 14. desember 2007.