Ole Olsson Brå (11. juli 184319. februar 1933) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar for Venstre, fødd i Buvika.

Ole Brå
Fødd 11. juli 1843
Buvik
Død

19. februar 1933
Inderøy

Yrke politikar, bonde, lærar

Faren til Brå var gardbrukar på Sæter i Buvika, seinare på Brå i Byneset. Sjølv vart Brå seminarist frå Klæbu i 1862. Han var så lærar i Inderøy frå 1862 til 1905. Frå 1874 til -84 var han torvmeister i Nordre Trondhjems amt. Brå kjøpte garden By i Inderøy i 1877 og dreiv han til 1902. Frå 1905 var han styrar av Innherred sjukehus.

Brå stifta Inderøyens forbruksforening i 1870 og var styrar for tiltaket til 1900. Han var medlem av heradsstyret i Inderøy 1880-1904, ordførar i elleve år. Elles hadde han mange andre tillitsverv i heradet.

Brå var innvald som 1. representant på Stortinget frå Nordre Trondhjems amt 1900-03. Han var medlem av Lagtinget og av sosialkomiteen.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Fossli, Oddgeir: «Lærer og stortingsmann Ole Brå (1842–1933)». I: Eynni Idri. Inderøy Museums- og Historielag, 2001.

BakgrunnsstoffEndra