Ole Johannesson Staff

Ole Johannesson Staff (178921. desember 1861) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Østre Toten i Oppland.

Ole Johannesson Staff
Fødd 1789
Østre Toten
Død

21. desember 1861 (72 år)
Lom

Yrke politikar

Staff arbeidde i Vågå, der han ei tid fungerte som lensmann. Han gifta seg til garden Graffer i Lom kommune, og var sidan gardbrukar der.

Staff representerte Kristians amtStortinget 1836-42. Både i 1836, 1836-37, 1839 og 1842 var han visesekretær i Odelstinget og medlem av budsjettkomiteen, i 1842 også medlem av komiteen om skysslova.

Han døydde på garden sin i Lom i 1861.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914