Opna hovudmenyen

Ole Karl Frøysøye

norsk gardbrukar og politikar

Ole Karl Olsson Frøysøye (eller Frøsøie) (20. oktober 178318. februar 1823) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå SunnylvenSunnmøre.

Ole Karl Frøysøye
Fødd 20. oktober 1783
Sunnylven
Død

18. februar 1823

Yrke bonde, politikar

Frøysøye var i nokre år skulehaldar i heimbygda Sunnylven. Han overtok farsgarden, den einbølte garden Frøysøye i 1814. Til stortinget 1821 vart han vald til 3. representant for Romsdals amt, eit verv han også hadde på omframtstortinget året etter. Han var i 1821 medlem av fire komitear, der i mellom komiteen som førebudde formannskapslovene.

Ein bautastein til minne om mannen er reist på Frøysøye.

KjeldeEndra