Ole Korfitssen Lund
norsk politikar
Ole Korfitssen Lund (1780–16. mai 1836) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Rakkestad i Østfold. Han var far til Tollef Olsen Lund.
Ole Korfitssen Lund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1780 Rakkestad kommune |
Død |
16. mai 1836 (55 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Lund var son av ein gardbrukar, og var sjølv gardbrukar i Rakkestad. Han representerte Smaalenenes amt på Stortinget både i 1833 og i 1836, der han var medlem av kyrkjekomiteen. Lund døydde i 1836 under stortingsopphaldet i Christiania.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak (1914). «Lund, Ole Corfitsen». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. B. 1 D. 2 : Biografier L-Ø : samt tillæg. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 562.
- Biografisk informasjon om Ole Korfitssen Lund NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv