Tollef Olsen Lund (7. august 18081. oktober 1885) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Rakkestad i Østfold. Ole Korfitssen Lund var far hans.

Tollef Olsen Lund
Fødd 1808
Rakkestad
Død

1. oktober 1885
Rakkestad

Yrke politikar, bonde

Lund tok over farsgarden i Rakkestad, og dreiv denne i lang tid. Han var medlem av heradsstyret 1844-73 og ordførar i åtte år. Lund var også forlikskommissær.

Tollef Olsen Lund sat på Stortinget i periodane frå 1854, 1863, 1864 og 1871-79 for Smaalenenes amt. I 1854 var han medlem av desisjonskomiteen. Han var 1. varamann til Stortinget 1862-63 og møtte frå 21. mars 1863 og på omframstortinget året etter. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen både i 1863 og heile perioden 1871-89. 1874-79 var han i tillegg medlem av Lagtinget.

Lund døydde på garden sin i Rakkestad i 1885.

KjelderEndra