Ole Kristian Grimnes
Ole Kristian Grimnes (fødd 4. januar 1937) er ein norsk historikar, fødd i Tromsø. Han har særleg forska på norsk okkupasjonshistorie 1940-45.
Ole Kristian Grimnes | |||
Fødd | 4. januar 1937 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | historie | ||
Yrke | historikar, skribent | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Grimnes avla doktoravhandlinga Et flyktningesamfunn vokser frem. Nordmenn i Sverige 1940–45 i 1969. Gjennom 1970-åra arbeidde han vidare med emne frå åra 1940 til 1945, då Noreg var okkupert av Tyskland. Han gav ut bøkene Hjemmefrontens ledelse i 1979 og Norge under okkupasjonen i 1983. I 1984 kom Overfall den fyrste boka i åttebandsverket 'Norge i Krig, eit samleverk redigert av Magne Skodvin.
Sidan skreiv han Den todelte verden, band 18 i Cappelens verdshistorie, som kom i 1986, medan den frittståande Veien inn i krigen kom året etter. I 2001 kom Sam Eyde. Den grenseløse gründer.
Grimnes har elles forska på nasjonalismen i nyare, europeisk historie. Han var tilknytt Prosjekt 1905. Dessutan har han studert korleis det norske flagget vart nytta som nasjonalt symbol i perioden frå 1814 til 1905.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ole Kristian Grimnes» frå Wikipedia på bokmål, den 6. februar 2013.